Om meg

tirsdag 11. oktober 2011

Bruk tanntråd folkens!

Hoho! Ferdig med siste besøk hos tannlegen for denne gong. 8 månader til neste innkalling fekk eg beskjed om.
Kanskje eg går, kanskje ikkje. To år sidan sist så ein veit aldri.
Denne omgangen krevde heile tre besøk. Ikkje fordi eg er så innmari glad i tannlegen min, men fordi EG har ikkje vore flink med tanntråd desse siste to åra!

Eg har ein veldig streng tannlege.
Ho sier sånn; "Jaah... .... det er jo synd at noen med så fine tenner ikke passe bedre på de."
Eg svarar ingenting, berre henge litt med hodet.

Ein an gong sa ho: "No skal jeg lære deg og bruke tanntråd.
Eg: "Men eg veit åssen eg bruke den."
Ho: "Hvorfor bruker du ikke det da?"
Eg: "Uhm...."

Også putte ho inn navnet mitt etter kvar setning, føles som eg er på barneskulen igjen.
Jaja... første besøk 900,- andre 1800,- og tredje 1800,-
Så folkens!!!! Bruk tanntråd og puss både morgon og kveld! :)

Den der bussen min... idag lukta den offentleg toalett kor nokon hadde bæsja på alle båsene. Eg holdt på å spy!  Kva driver folk med????
Eg vert gal. Også var det ein sånn buss kor nokon seter er feil veg og eg blei sjølvsagt sittende rett mot ein fyr. *elsk*
Han satt og småflirte for seg sjølv, greit nok, hadde sikkert hatt ein skikkeleg artig dag.
Han byrja på ein gjesp, eg snudde meg og etter så lang tid det tar å lese 'Tores Auto AS' i hodet to gongar snudde eg meg tilbake og då møtte eg ein fyr som såg nøyaktig sånn her ut.




















Håpar han ikkje såg at eg skvatt litt. Skrekkfilm.

Omsider var bussen med den sure sjåføren som syns det var tiltak å opne dørene framme.
Eg kom heim. Fann ikkje Patrick.
MEN, eg fann nokre andre godsaker rett utanfor.















Igjen, kva driver folk med??
Folka oppe er så nasty! Håper dei flytter snart. Vinduet var ikkje opent der oppe, men vurderte sterkt å berre hive det opp på karmen. 90% sikker på at det er dei rett over.
Hallo, dei har ein svart bossekk som gardin.
Men dei 10% lot det ligge. Husverten skal innom snart og det skal få ligge til han kjem.
Så skal eg be han finne normale mennesker neste gang han skal leige ut.

1 kommentar: