Om meg

onsdag 5. oktober 2011

Patrick

Eg har ein ny kompis. Han heitar Patrick, og han har vore med meg i ein månad no.
Han har ikkje gjort så mykje ut av seg, men eg er blitt veldig glad i han, så om han plutselig er vekke vil eg bli veldig trist. No er det sånn at eg er redd for at han ikkje skal vere der om morningen når eg går på jobb, eller når eg kjem heim frå jobb. Eg må alltid sjekke at han er der.
Her er litt av hans ferd denne månaden.
 
 Når eg først møtte Patrick var han heilt nede på døra mi. Det er som regel brunsnegl som møter meg i min lekre inngang, og dei møtar for det meiste ein liten flytur nedøve hagen min. Men Patrick følte eg måtte få bli.





















Patrick klatra litt oppøve døra mi.
















Og litt til....

















Han kvilte litt under lista her. Masse ly for regn og vind!

















Tok seg ein tur over lista for å nyte det fine vêret, når det plutseleg dukka opp!
















Han er ganske skjønn når han først tør å titte ut! <3
Han vart verande her oppe ei stund!


















Men så begynte det å regne så veldig mykje igjen, og då forsvant Patrick under lista igjen. Her har han vore sidan. Eg er litt bekymra for han no. Kva vil skje med Patrick når det vert kaldare å kaldare? Kjem han til å døy? Burde eg lese og finne ut korleis eg kan halde han i live? Kanskje inne, i ein konsentrert utopia for han inne? Men kva treng ein sånn snegle som Patrick? Gress og blader? Kva et han? Hjelp!!
Eg vil ikkje at han skal døy av kulde!!! :(

3 kommentarer:

  1. Tror Patric har lagt seg i hi for vinteren. Tror ikke han trenger mer enn ly mot regnet, som han allerede har funnet.

    Leste også en plass at snegler som Patric kan leve noen år i hi-tilstanden før de begynner å bevege på seg..

    Men skal ikke påstå jeg er den eksperten på området... :P

    SvarSlett
  2. Takk for info! :)

    Men... når eg kom heim no så fann eg berre det tomme huset til Patrick på bakken.. :(

    SvarSlett
  3. :(

    Har du planlagt begravelse da?

    SvarSlett