Om meg

lørdag 29. oktober 2011

Au...

Foooor over eit år sidan så hadde øl og sprit eit uheldig møte ---> i min kropp.
Uavhengig av om eg var interessert i å vere med arrangerte dei fest i hjernen min.

Når eg kom heim og skulle låse meg inn så fann eg ikkje nøkkelen min. Trur eg tok ein kjapp rotings rundt i veska berre, før eg vart alvorleg sinna.

Så sinna at eg tok albuen og knuste meg gjennom det veldig tjukke glasset. Så tjukt...


















Eg trur det tok litt tid, for husker vagt at det kom ein fyr og spurte om det gjekk bra. Kor eg då endå meir vagt husker eg svarte noko som; jaaaa, eg vil bare iiinnnn. Sagt i hysterisk sinnagråt.
Fekk nokon til å sette inn ei plate... som du ser så har eg knust det vinduet lengst vekk frå låsen. Mulig det var logisk at the time.



Eg har ikkje gule vegger... det er berre lyset... :/

Er litt overraska at eg ikkje skada meg meir. Har tydeligvis full kontroll over bevegelsene mine i stupfylla. Hmm.... Anyway... er det rart eg ikkje vil drikke noe særlig lenger eller???

Dagen etterpå fann eg nøkkelen, den låg rett utanfor. :)
Det eg og fann var ein glassbit i kvar fot.

Gjekk til legevakten og legen fekk ut den eine.
Den andre var det verre med. Uten bedøvelse gravde han rundt under foten min i noko som føltes som ein evighet.
Men han sa eg var veldig tøff då, som holdt ut så lenge utan å lage ein lyd. :) Så syns han synd på meg og gav meg ei sprøyte.

Poenget mitt er at no, eitt år + etterpå så er den forsvunnede glassbit endeleg ute av kroppen miiiin!
Det er så deilig!

tirsdag 11. oktober 2011

Bruk tanntråd folkens!

Hoho! Ferdig med siste besøk hos tannlegen for denne gong. 8 månader til neste innkalling fekk eg beskjed om.
Kanskje eg går, kanskje ikkje. To år sidan sist så ein veit aldri.
Denne omgangen krevde heile tre besøk. Ikkje fordi eg er så innmari glad i tannlegen min, men fordi EG har ikkje vore flink med tanntråd desse siste to åra!

Eg har ein veldig streng tannlege.
Ho sier sånn; "Jaah... .... det er jo synd at noen med så fine tenner ikke passe bedre på de."
Eg svarar ingenting, berre henge litt med hodet.

Ein an gong sa ho: "No skal jeg lære deg og bruke tanntråd.
Eg: "Men eg veit åssen eg bruke den."
Ho: "Hvorfor bruker du ikke det da?"
Eg: "Uhm...."

Også putte ho inn navnet mitt etter kvar setning, føles som eg er på barneskulen igjen.
Jaja... første besøk 900,- andre 1800,- og tredje 1800,-
Så folkens!!!! Bruk tanntråd og puss både morgon og kveld! :)

Den der bussen min... idag lukta den offentleg toalett kor nokon hadde bæsja på alle båsene. Eg holdt på å spy!  Kva driver folk med????
Eg vert gal. Også var det ein sånn buss kor nokon seter er feil veg og eg blei sjølvsagt sittende rett mot ein fyr. *elsk*
Han satt og småflirte for seg sjølv, greit nok, hadde sikkert hatt ein skikkeleg artig dag.
Han byrja på ein gjesp, eg snudde meg og etter så lang tid det tar å lese 'Tores Auto AS' i hodet to gongar snudde eg meg tilbake og då møtte eg ein fyr som såg nøyaktig sånn her ut.




















Håpar han ikkje såg at eg skvatt litt. Skrekkfilm.

Omsider var bussen med den sure sjåføren som syns det var tiltak å opne dørene framme.
Eg kom heim. Fann ikkje Patrick.
MEN, eg fann nokre andre godsaker rett utanfor.















Igjen, kva driver folk med??
Folka oppe er så nasty! Håper dei flytter snart. Vinduet var ikkje opent der oppe, men vurderte sterkt å berre hive det opp på karmen. 90% sikker på at det er dei rett over.
Hallo, dei har ein svart bossekk som gardin.
Men dei 10% lot det ligge. Husverten skal innom snart og det skal få ligge til han kjem.
Så skal eg be han finne normale mennesker neste gang han skal leige ut.

mandag 10. oktober 2011

Måndag ass!

Dagen var egentleg heilt super den, heilt til eg vart irritert!
Først rakk eg AKKURAT ikkje bussen, type var berre på feil side av vegen.
Så eg traska til butikken istedet.
Kunne sjølvsagt gått heim.....................   HAHAHAHAHAAAHAHA!

På butikken ville eg kjøpe sånne billige vatn med kullsyre flasker for eg drikker berre granateplesaft utblanda med kullsyrehaldig vatn.
Så eg skulle ta ein sånn teit handlekurv. HerreGUUUUD eg saknar dei gode gamle handlekurvene som du faktisk kunne bære. Dei har nokre på Rimi men dei er det sånn handicap skilt på, og snill som eg er så tar eg ikkje sånne.

Det stod ein kjempehøg stabel med sånne teite kurver og når eg tok opp ein ramla heile skitet ned.
Ploff, rett i gulvet.
Hodet litt på skakke, leppene hardt sammen og eit godt inn- og utpust før eg gjekk vidare og lot dei ligge.
Når eg kom tilbake hadde nokon andre satt dei opp, tenkte eg skulle ta bilde men fekk berre dette.











Egentleg var det fleire kurvar oppi, også lå dei litt foran døra og sånn.
Men det dreit eg i.









 Regna gjorde det og, så når eg skulle gå til bussen igjen så bestemte eg meg for å demonstrere litt og gjekk mot samfunnet!!!







 Vart nesten litt skuffa at det ikkje kom ein sint sykkelmann og kjefta på meg, så eg kunne ha vore frekk tilbake.






Bussen var sjølvsagt sein... og lukta DRIT! Blanding av noko som hadde vore vått mange gongar og tørka og krydder med eit lite hint av gammal buss.

Heima fann eg ei spinkåna inne....



Den var riktignok død... men klare ikkje fjerne den eg fordet... og støvsugaren er i viljen langt unna!











Så skulle eg ut og sjå etter Patrick. Der var det ein levande jævel. Som gjekk litt sånn att og fram på veggen, tydeligvis gått seg vill. Og det var ikkje noko koseleg stad den kom til. Her er det kun ei lett blanding av Permetrin og Radar å puste inn!

Patrick var vanskeleg å finne, for han hadde krøpe veldig langt vekk. Fann han tilslutt, men eg synes ikkje det såg ut som  han hadde det så bra. Må ut og sjekke han litt seinere. Litt større edderkoppar eter ikkje sneglar, sant?

fredag 7. oktober 2011

Freeeedaaaaag!

 
Her om dagen stod eg på badet på jobb og bytta bleier. Ein gut på 4 skal på do og prøver å få av seg jakka. Dette er visst litt vanskelig, så etter ei stund høyre eg eit ekstremt frustrert "FAEN DÅ" bak meg.
Eg berre... Ka sa du?!??
Han: Faen då....?

Var veldig VELDIG vanskeleg å ikkje bryte ut i latter i det øyeblikket.

Patrick LEVER!!!
Han hadde berre bytta plaaaaass! :D
Men vert jo litt vemodig med tanke på det tomme skalet.













Kven var han? Kanskje det var ei jente? Kanskje dei kjente kvarandre... nei, må slutte å tenke på det. Blir berre trist.








No er det helg og det er digg.
Eg stod og venta på bussen idag, føltes litt kleint. Det er kø og eg må stå heilt oppi bilene som står fast.
Ekstra moro med desse ungane då som skal stirre på deg. Kanskje peike litt for så å snu seg og sei noko til sidemannen. Det er veldig festlig det. Er ikkje så glad i å først bli peika på og så snakka om eg.





















Inni meg hadde eg kjempelyst å berre opne døra på bilen for å sjå kva som ville skje då.
Sagt 'Hei hei, ganske kjipt vêr idag?'
Eller 'Hei, kan eg sitte på?'

Men eg turte ikkje.

torsdag 6. oktober 2011

Ikkje den beste dagen....

For det første har eg kava meg gjennom dagen med hodepine og lettare kvalme. Ikkje den beste kombinasjonen når du jobbe i barnehage, men setter ekstra stor pris på senga når du først kjem heim då!

MEN.... idag var det IKKJE spesielt kjekt å koma heim. For det som møtte meg var dette!



Patrick er død! :((((
Huset hans er litt knust og Patrick er ikkje der lenger! Han har landa på mjuk mose i det minste..

Ja, eg veit det er ein snegl, men eg vart faktisk glad i fyren. Tok bilete av han kvar dag i ein månad og byrja tilslutt å sei god morgen, hei og hadet til han.

Mulig eg har budd aleine for lenge.....

onsdag 5. oktober 2011

Patrick

Eg har ein ny kompis. Han heitar Patrick, og han har vore med meg i ein månad no.
Han har ikkje gjort så mykje ut av seg, men eg er blitt veldig glad i han, så om han plutselig er vekke vil eg bli veldig trist. No er det sånn at eg er redd for at han ikkje skal vere der om morningen når eg går på jobb, eller når eg kjem heim frå jobb. Eg må alltid sjekke at han er der.
Her er litt av hans ferd denne månaden.
 
 Når eg først møtte Patrick var han heilt nede på døra mi. Det er som regel brunsnegl som møter meg i min lekre inngang, og dei møtar for det meiste ein liten flytur nedøve hagen min. Men Patrick følte eg måtte få bli.





















Patrick klatra litt oppøve døra mi.
















Og litt til....

















Han kvilte litt under lista her. Masse ly for regn og vind!

















Tok seg ein tur over lista for å nyte det fine vêret, når det plutseleg dukka opp!
















Han er ganske skjønn når han først tør å titte ut! <3
Han vart verande her oppe ei stund!


















Men så begynte det å regne så veldig mykje igjen, og då forsvant Patrick under lista igjen. Her har han vore sidan. Eg er litt bekymra for han no. Kva vil skje med Patrick når det vert kaldare å kaldare? Kjem han til å døy? Burde eg lese og finne ut korleis eg kan halde han i live? Kanskje inne, i ein konsentrert utopia for han inne? Men kva treng ein sånn snegle som Patrick? Gress og blader? Kva et han? Hjelp!!
Eg vil ikkje at han skal døy av kulde!!! :(