Om meg

lørdag 22. september 2012

Flomeventyret

Det var ein gong ei jente, som skulle leggja seg for kvelden. Det var seint ein februardag, og ho sleit med å sovne.
Ho stod opp i 23 tida for å gå på do før ho la seg i senga att. Ho må ha sovna like etterpå for ho vakna 00.15 av ein rar lyd i veggen ved kjøleskapet. Lyden var litt dunkete/knirkete, som om veggen gav litt etter pga press. Dunk, dunk, dunk. Hmmmm, tenker jenta, og står opp.

PLASK!!

Gulvet er fullt av vatn, det er nesten til anklane. Jenta spring bort til veggen kor lyden kjem frå og kjenner på veggen. Den er ikkje våt, det er ikkje lekkasje frå dei over. Ææææ, byrjar ho å tenke, kor kjem det frå for faen?
Det stig raskt og jenta spring ut for å hente støvlane, då ser ho kor vatnet kjem frå. Vatnet som no er til godt oppå leggen kjem flommande inn ytterdøra.
Ho ringer til husverten, han tar ikkje telefonen.
Så då står ho der, midt på stuegulvet iført kun svarte og rosa støvlar og ein lekker pierre robert boxer. Det er mørkt, for straumen har sjølvsagt tatt kvelden, ho bur i ein kjellar så gatelys kan ho sjå langt etter.
Batteri til lommelykta har ho gløymt å kjøpe heilt sidan ho kjøpe lommelykta. Ho slår henda ut til sida og roper; Ka faen gjør eg no då?!?

Då ringte husverten opp att for han hadde hatt ei lita aning kva det kunne vere. Jenta sa det kom vatn inn i leiligheten. Husverten sa jenta måtte stake opp sluket utanfor. Jenta sa øhm, nei, det kjem MAHASSE vatn inn i leiligheten. Husverten svarar at jo, det er eit sluk utanfor du kan stake opp.
Ja, eg veit det seier jenta. Men det er ikkje tett.

Husverten kjem omsider opp, han hadde med seg sandsekkar slik at han fekk stoppa den massive elva som rann ned i trappene foran døra hennar. Då kom det ikkje vatn inn lenger. Så venta dei ganske lenge på pumpemannen. Jenta fekk pakka med seg nokre ting og kjørt til ein ven ho fekk bu hos nokre dagar. Det tok lang tid og mange dagar før ho fekk rydda gjennom dei øydelagde tinga sine, og flytta det som kunne reddast. Husverten var veldig snill og hjelpsom. Ho fekk bu hos ein onkel før ho endeleg etter fem månader fekk kjøpt seg ein leilighet. Denne gongen flytta ho til 4.etasje, toppen av blokka. Kanskje ho slepp meir våte ting, og til og med kanskje slepp så mange edderkoppar. Skal det liksom ikkje ordne seg for snille jenter? Snipp snapp snute, så er eventyret (foreløpig) ute!

-------------------------------------
















Ein fyllt opp trappenedgang!





















Muren som vatnet delte på veg ned i kjelleren!