Om meg

søndag 19. februar 2012

Øydelagd Pc :(

Sist torsdag så ville ikkje pcen min slå seg på skikkeleg. Eg vart heilt frå meg.
Opna kabinettet, starta og stoppa litt og fann ut av vifta på skjermkortet ikkje gjekk.
Eg tok det ut.

















Not amused.




















Så eg hoppe på bussen til sentrum for å kjøpe nytt. I sentrum gjekk eg med ein gong på bussen heim for eg kunne få eit av ein kompis dagen etter. Eg klarar meg EIN kveld utan pc tenkte eg. Også fekk eg gleden av å bli irritert på teite passasjerar som ikkje kan oppføre seg offentleg. Du MÅ ikkje prate i ropemodus i telefonen, og du MÅ ikkje kjefte på sjåføren fordi bussen er sein (er ikkje hans feil). Og... du MÅ ikkje stinke død og fordervelse når du skal på Kvarteret. Hadde det vore meg, så hadde eg DUSJA før eg skulle ut... jesus....

Dagen etter kom eg heim i strålande humør med nytt/gamalt skjermkort. Putta det inn. HURRA sa eg, for vifta gjekk rundt med ein gong. No kjem eg inn på pcen min igjen, eg er så glad. *Hopp*.

Men nei.... det skjedde ikkje så mykje meir. ANGST. Det føltes heilt forferdeleg. Ei stund klarte eg ikkje roe meg for hallo, EG HAR IKKJE PC!!!
Eg må reise til butikken med den, men det er jo helg...

Ikkje er det noko på TV heller, så eg lurar litt på kvifor eg gidd betale for alle desse kanalene. Trur kanskje eg skal gå over til å berre ha NRK kanalene, sidan eg må betale lisensen uansett. Vore med på nrk hunters på døra fleire gongar før, og eg byrjar å gå tom for løgner og unnvikelsesmetodar.

Utan PC betyr ikkje berre at eg ikkje får spille den helga (det er ikkje det viktigste her lzm), eg brukar den som tv eg. Streame seriar eg ser på, funkar ikkje på treig laptop det vett. Seriane eg vil se GÅR IKKJE PÅ NORSK TV (iallefall ikkje dit eg er komt, og ikkje endå, og ikkje i helga)!!

I mangel på ting å gjer så tok eg fram bøtta mi og alle vaskemidlene.















Skåla står der fordi eg hadde ein hund på besøk, det er mange månader sidan og eg har rett og slett gløymt at den er der. Målinga faller av veggen fordi det er pipa. Sidan det ofte regner sidelengs her i Bergen så er det vatn i bunn der som trekker inn i veggen også krystalliserar det seg mineraler der. Er ikkje farleg, har eg høyrt. Sendte mail til husverten om det og han kom og såg på det. Eg vil presisera at eg brukte ordet krystallisere i mailen til han, så eg visste igrunn kva det var... var berre ikkje sikker på KVA som krystalliserte seg. La merke til det etter eg passa mi fantastiske niese som syns det var heilt fantastisk fascinerende å pille på det. Oi, så sint ein unge kan bli når ho ikkje får pille på krystalliserte mineraler på murveggen. Hoho. Slem tante!

Temmeleg reint her no.
Fann fram min Rubiks kube. Varte ikkje lenge.
















Til jul fekk eg to IQ testar.
















Det er vanskeleghetsgrad 1-6 på dei. Den firkanta er grad 5 og den andre er grad 6. Bestemte meg for å byrje med grad 5. Alt henger fast i kvarandre, først skal du lage den til ein slange. Det var lett.


















Så skal du få den i firkant igjen.
















Ser ganske okei ut frå denne vinkelen.















ARGH!
















Gadd aldri begynne på den andre.
Ein an dag.
No blir det heller å ta fram alt rotet eg har slengt frå meg i ymse hyller og bli kvitt ting eg ikkje har behov for i denne overfylte leiligheten.
Håpar på å få fiksa PCen i ummidelbar framtid, hvis ikkje.... vel, då får eg vel finne på noko anna. Har ein broderingsjobb å gjer. Burde verte ferdig med den.