Om meg

mandag 14. november 2011

Nye lyspærer a gitt!

Hahahhaa!
Eg har huska å kjøpe nye lyspærer til ovnen min. Det er skikkeleg rart, for eg var sikker på at det iallefall ikkje kom til å skje før jul. Men har man sett, eg har jo kjøpt allereie.
Står på pakken at dei varar minst eit år og, så det er kjempelenge til neste gang eg treng å huske å kjøpe lyspærer til ovnen. Det er litt digg.















Først måtte eg ta av 'dekselet'. Det var klissssssseeeeeete.






Så klissete at fingrene mine hang sammen. Det får dåkke ikkje sjå bilete av for ifølge fyren på daten i 2002 så har eg sånne søte små stubber til fingre!
Just what a girl wants to hear. Vi var sammen kjempelenge, hahahahahaha!



LYS!!







Den eine lyspæra var skikkeleg vanskeleg å skru i, det var nesten så eg neeeeeesten klæsja den i gulvet. Men eg holdt meg rolig så eg har lys på begge sider. Phew.



Men så huska eg ikkje kor eg hadde lagt den lille plastikkpinnen som liksom skal halde dekselet på plass. Ikkje at den trengs, for det er såpass klissete der oppe at det skal litt til for at det detter ned.















Men så fann eg den plutseleg, oppi den skitne steikepanna mi. Så då kunne verden gå videre. Phew.
















Treng ny lyspære i taket og.

















Men då må eg hente stol, og DET er litt for mye arbeid på ein dag altså. Den må løftes over senga (for eg har så god plass på rommet) også må eg løfte den over rotet på gulvet. Så må eg sette den ned under lampa. Og så... må eg gå opp på stolen. Så må eg strekke meg, og tenk om det ligg ein edderkopp i lampa a! Då får eg sikkert sjokk og dør.
















Så nei, vi tar den lampa ein an dag.