Om meg

fredag 20. januar 2012

fjkdfjjk

Etter ein meir enn normalt sliten dag på jobb så følte eg meg ein smule nedrykt då eg gjekk inn i butikken.
SJOKOLADE fortener eg i bøttevis denne helga meinar eg. Så eg kjøpte to billige marsipangriser.
Når eg kom til kassa hadde eg rukket å bli forbanna på ei dame med altfor stor sekk og liggeunderlag. Ho ville forbi meg ved chipshylla, kjøpte det og. Der var det trangt og eg var ikkje ferdig med å tenke. Eg kjente blodet bruste og hadde ho spurt om eg kunne flytte meg hadde eg nok eksplodert. GÅ RUNDT FOR *pip*!!

I kassa havna eg bak mennesket. Ho gjekk framøve, bråstoppa, så eg klæsja rett i liggeunderlaget. Det GAMLE liggeunderlaget *grøss*.

Så la eg varene mine bak hennes på båndet. Ho ser litt rart på meg, ser på varene mine, ser på sine, ser rart på meg igjen.
Eg gav ho eit 'hmm?' blikk.
Så la eg varene mine ekstra nærmt hennes for å irritere. For eg mistenker at ho var redd for at mine skulle komme med hennes.
Så ser ho litt meir rart på meg og snopet mitt.

Det som gjorde meg så sint var at om det var så ille at mine varer låg der så kvifor ikkje bruke neste kunde pinnen???
Eg legg alltid den bak mine varer for å vere hyggelig med den bak. Og med mine pygmearmer så rekker eg for svarte ikkje bort til neste kunde pinnen når det står eit monster av ein sekk og liggeunderlag foran meg!
Køen går og meir effektivt om fleire personar kan leggje varene på båndet. Skal jo rekke buss jo.

Neida, vi skuler heller litt misfornøyd på den bak. Mykje betre, også skapar det så god stemning i kassakøen. Stor stas.

Det einaste som redda dagen idag var at mannen i kassen spurte etter legitimasjon!
Eg FNISTE (ganske høgt og), så glad vart eg!

No er det middagstid!
Så er det under dyna og se på film/serier til eg sovner!
Så skal eg sove til eg skal på jobb på måndag! Mmmmmm sooooooveeeeee! <3

søndag 8. januar 2012

Skomklompar; Skumboller, The Sequel.

Igår kveld midt på natta så var eg redd for at røro skulle bli FOR stiv. Det blei den. Så eg klæsja noe greier nedpå noen plater.















Idag var eg så intenst trøtt. Vakna ganske tidlieg, halv 10 eller noko. Laga meg mat og såg på tv. Men så sovna eg igjen. Vakna klokka fire, totalt forvirra og ute av stand til å reise meg opp. Tanken på at eg skulle gjera ferdig skumbollene var smertefull. Men, alt det slitet igår så kan eg ikkje droppe det no. Så eg kom meg opp og satte igong med å smelte sjokolade og delfiafeitt.

















Så over i kokosen.   Den bollen i kokosen ser jo faktisk ut som ein bolle, men det er berre ein heldig vinkel for bollo. Det verste med heile greiene var at eg vart så klissete på fingrene. Er det noko eg ikkje taklar så er det klisstete fingre. Eg blir heilt sprø og klarar ikkje tenke på anna enn at eg er klissete.
















Vart ein del sjokolade igjen, så eg laga meg 4 kokossjokolader som eg kan ha til sukkersuget mitt ikkje kan leves med lenger. Det pleiar å skje sånn 7-14 gongar i veka.















Det  ser jo ikkje ut som skumboller då. Eg treng eit nytt namn på dei. Så det får bli Skomklompar.
For dei vart jo ikkje heeeeeilt som mamma sine.....















Nei, i framtida overlatar eg sånn her baking til dei som kan det. Det vert iallefall ekstreeeeeeeemt lenge til neste gong eg tar for meg eit sånt her prosjekt.
No er klokka fem så det tok ikkje så veldig lang tid. :D
Følar eg har gjort mitt for dagen og skal no sjå på tv til eg sovner for kvelden.

lørdag 7. januar 2012

Skumboller FAIL

Eg er gjennomsyra sint og sur no. Så gira før idag når eg skulle begi meg ut på dette prosjektet. Blir så bra så.
Gjekk på butikken og kjøpte alle ingrediensene.














Ringte til mamma for å få oppskrifta. Eg var sikker på at eg hadde alt eg trengte men det var feil så måtte på butikken ein gong til. Det gjekk bra for eg plukka med meg to øl. Og det er eg *pip* glad for, for eg trengte dei så sur som eg er no.





















Alt begynte så bra.
Vispa eggekvitene med vispen min. Så fornøyd for at eg faktisk hadde ein sånn i skapet.
















Så putta eg sukkeret oppi, og det er her dritet startar. Den vispen eg var så fornøyd med begynte å ryke. Den er lysegul og ser ut som den kjem frå 70 talet, men den er ikkje så gammal. Trur ikkje den er så mange år egentleg. Men kan jo hende eg tar fullstendig feil, den var gratis.
Eg hadde laga til gelatinpulveret. Noko eg frarådar på det STERKESTE å bruke. Etter eit halvt minutt hang eg over vasken og brakk meg for det lukta noko så intenst ille. Fekk klaustrofobi fordi lukta gjekk faen ikkje vekk. Så eg kledde meg ut.





















Sidan eg ikkje hadde visp lenger ringte eg til ei veninne nedi gato og spurte om ho hadde. Det hadde ho. Sprang ned, gjekk opp igjen. Svett, men med nytt mot. Fekk med meg nokre gelatinPLATER og i tilfelle. Og det var bra for når eg kom opp igjen var gelatinen veldig stiv.





















Sukkeret skal liksom smelte heilt. Og siden det er kaldt oppi bollen tar det laaaaaaaang tid. Men med den flotte vispen tenkte eg at det gåååår braaaaa. Visp visp.




















Jesus, det tar lang tid.






































Røra vart skikkeleg bra og, eit lite øyeblikk. Stiv og fin.
Heiv den i kjøleskapet mens eg gjorde klar gelantinplatene.
Tok ut igjen røra og heiv gelatinen oppi.
Vispa litt til. Alt blei flytande. Burde vel vere omvendt??
Frustrert ringer eg til mamma igjen. Mammaaaaaaa, ka faen?
Mamma sa ho følte eg hadde gjort noko feil eit sted, gjerne at det blei for lang pause i vispinga når eg måtte hente ny visp. Meget mulig.
Eg gav iallefall opp.


















Alt gjekk litt feil idag. Mamma foreslo å sette røra inn i kjøleskapet over natta. Skulle egentlig kunna laga klar bollene ikveld, men gjer eg det no vert det veldig flate skumboller. Vi får sjå imåro.... Akkurat no kan det vere det samme. :p
Så kom eg på.... eg har jo meir igjen i øl nr to! Det hjalp!















Så no tar eg den med meg inn på rommet. Plasserar meg foran datan og spelar WoW!







Meg og mine minions seier God Natt!

fredag 6. januar 2012

Broddar!

Eg fekk to sett med broddar til jul i år!

















Rett før jul så klarte eg å tryne skikkeleg. Eller, tryne blir igrunnen heilt feil ord. For trynet skjedde det ingenting anna med enn total forvirring over verden. Pluss at det er jo grisen som har tryne.
Eg skulle på middag til ei veninne. Hadde gode sko på meg. Bra vintersko som i utgongspunktet ikkje er glatte.
















Eg fekk dei heilt gratis og dei har alltid holdt meg trygg på glatto. Når eg kom til middagen så møtte eg ei måka trapp og det var regn og ikkje spesielt kaldt.
Kom meg gjennom ein koseleg middag før eg la på veg heim at for eg skulle jo på byen og.
Det var litt kjølegare ute men det la eg overhodet ikkje merke til for eg hadde nett kledd på meg masse så var ganske kokt.
Første trinnet, swooooosjh! Rett på ræva! Sikker på heile fallet kunne vore tatt ut frå ein teiknefilm. Så satt eg ei stund for eg skjønte ikkje heilt at eg var på bakken.
Så sa eg aau i ein litt sutrete tone før eg grein pittelitt. For det gjorde noko så inni *pip* vondt.
Så banna eg ein del før eg gjekk veeeeeeeldig sakte heimat for all bevegelse gjorde vondt.
Det er mange som trur eg hadde inntatt alkohol, men det er altså feil. Eg hadde kun drukke brus!
Dagen etterpå sjekka eg åssen det såg ut bak der og hohohohoh, sånn lillafarge har eg aldri sett før, og spesielt ikkje på ein så stor overflate.

Så idag når eg skulle heim frå jobb kjente eg at det var litt glatt, og eg hadde på meg sånne teite sko som kun er behagelege. Altså livsfarlege på vinteren. Så eg bestemte meg for å teste ut dei svarte broddane. Dei funka kjempebra dei, men dei bråkte veldig på asfalt og på gulvet inne i butikken. Såg sikkert ut som om eg hadde gjort i buksa for eg gjekk veldig rart sånn at ingen skulle høyra alt bråket. :p
På vei opp bakken til leiligheten var det mange som stod ute, SJØLVSAGT!

Eg hørte sånn her; Ka e den lyden? (mann)
Hihihihihi (dame)
Mumle mumle (dame)
Hihihihihi (dame)
Hehehe (mann)

Også var det ein anna mann som snudde seg og såg på meg.
Ein an dag hadde eg sikkert drete i det, men idag vart eg litt flau faktisk.
Så eg tok dei av meg når eg skulle hente posten.
Men eg kjem nok til å bruke dei når det kjem masse is ute.
For då kan eg jo bruke dei behagelege skoa!!

torsdag 5. januar 2012

Ick

Av og til er ikkje bussen berre moro.



















Det er fortsatt ikkje lys i taket forresten...









Kjem nok ikkje til å verte det på ei stund heller.








Den første bussen eg satt på var det ein gutt i tenårene som snudde seg og stirra bakover heile tida. Den lille filletingen irriterte meg grøn og eg hadde lyst å skrike. IKKJE SE PÅ MEG!!!!!!!!!!!
Eg er sur, trøtt og lei, ikkje plag meg!

Eg var den eineste på bussen videre, så kom ei dame på. Så gjer ho teikn til å skulle sette seg inn med MEG. Hallo??? Eg er den eineste personen på bussen bortsett frå deg, DU sitte ikkje her. Ho satte seg på andre sida.
No hadde eg blitt kald på føttene og, så var litt ekstra sur.

Fleire på bussen. Oi, nokon plinga. Meir irritasjon følger. Kvifor skal folk absolutt reise seg og stå to tusen min før bussen er framme? Eg skjønar den ikkje. Ekstra irriterande når den som gjer det sit innerst med deg. Drit og dra sier eg då. Neida, men blikket mitt gjer, så ventar eg til personen attmed meg får spader før eg reiser meg. Kvifor skal eg risikere liv og lem ved å reise meg i fart?
Eg skjønar at folk stresse når bussen er stappfull sjølvsagt, det pleide å stresse meg før og. Men kva er det verste som skjer? Jo, du havner eitt stopp for langt! KRISE!!!!!












Når eg kom heilt heim idag så stod det ein stor boxer midt i stien ned til meg. Den var i bånd, men eigaren hadde plassert han sånn at han kunne gå over heile stien min. Eg er jo glad i hundar, men når eg var liten hadde eg ein kjip opplevelse med to boxere så eg følte meg ikkje så kul når det var hunden eg måtte gå forbi mens han lukta på meg. Det gjekk bra, eg er i live.