Om meg

torsdag 5. januar 2012

Ick

Av og til er ikkje bussen berre moro.



















Det er fortsatt ikkje lys i taket forresten...









Kjem nok ikkje til å verte det på ei stund heller.








Den første bussen eg satt på var det ein gutt i tenårene som snudde seg og stirra bakover heile tida. Den lille filletingen irriterte meg grøn og eg hadde lyst å skrike. IKKJE SE PÅ MEG!!!!!!!!!!!
Eg er sur, trøtt og lei, ikkje plag meg!

Eg var den eineste på bussen videre, så kom ei dame på. Så gjer ho teikn til å skulle sette seg inn med MEG. Hallo??? Eg er den eineste personen på bussen bortsett frå deg, DU sitte ikkje her. Ho satte seg på andre sida.
No hadde eg blitt kald på føttene og, så var litt ekstra sur.

Fleire på bussen. Oi, nokon plinga. Meir irritasjon følger. Kvifor skal folk absolutt reise seg og stå to tusen min før bussen er framme? Eg skjønar den ikkje. Ekstra irriterande når den som gjer det sit innerst med deg. Drit og dra sier eg då. Neida, men blikket mitt gjer, så ventar eg til personen attmed meg får spader før eg reiser meg. Kvifor skal eg risikere liv og lem ved å reise meg i fart?
Eg skjønar at folk stresse når bussen er stappfull sjølvsagt, det pleide å stresse meg før og. Men kva er det verste som skjer? Jo, du havner eitt stopp for langt! KRISE!!!!!












Når eg kom heilt heim idag så stod det ein stor boxer midt i stien ned til meg. Den var i bånd, men eigaren hadde plassert han sånn at han kunne gå over heile stien min. Eg er jo glad i hundar, men når eg var liten hadde eg ein kjip opplevelse med to boxere så eg følte meg ikkje så kul når det var hunden eg måtte gå forbi mens han lukta på meg. Det gjekk bra, eg er i live.

1 kommentar: