Om meg

fredag 20. januar 2012

fjkdfjjk

Etter ein meir enn normalt sliten dag på jobb så følte eg meg ein smule nedrykt då eg gjekk inn i butikken.
SJOKOLADE fortener eg i bøttevis denne helga meinar eg. Så eg kjøpte to billige marsipangriser.
Når eg kom til kassa hadde eg rukket å bli forbanna på ei dame med altfor stor sekk og liggeunderlag. Ho ville forbi meg ved chipshylla, kjøpte det og. Der var det trangt og eg var ikkje ferdig med å tenke. Eg kjente blodet bruste og hadde ho spurt om eg kunne flytte meg hadde eg nok eksplodert. GÅ RUNDT FOR *pip*!!

I kassa havna eg bak mennesket. Ho gjekk framøve, bråstoppa, så eg klæsja rett i liggeunderlaget. Det GAMLE liggeunderlaget *grøss*.

Så la eg varene mine bak hennes på båndet. Ho ser litt rart på meg, ser på varene mine, ser på sine, ser rart på meg igjen.
Eg gav ho eit 'hmm?' blikk.
Så la eg varene mine ekstra nærmt hennes for å irritere. For eg mistenker at ho var redd for at mine skulle komme med hennes.
Så ser ho litt meir rart på meg og snopet mitt.

Det som gjorde meg så sint var at om det var så ille at mine varer låg der så kvifor ikkje bruke neste kunde pinnen???
Eg legg alltid den bak mine varer for å vere hyggelig med den bak. Og med mine pygmearmer så rekker eg for svarte ikkje bort til neste kunde pinnen når det står eit monster av ein sekk og liggeunderlag foran meg!
Køen går og meir effektivt om fleire personar kan leggje varene på båndet. Skal jo rekke buss jo.

Neida, vi skuler heller litt misfornøyd på den bak. Mykje betre, også skapar det så god stemning i kassakøen. Stor stas.

Det einaste som redda dagen idag var at mannen i kassen spurte etter legitimasjon!
Eg FNISTE (ganske høgt og), så glad vart eg!

No er det middagstid!
Så er det under dyna og se på film/serier til eg sovner!
Så skal eg sove til eg skal på jobb på måndag! Mmmmmm sooooooveeeeee! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar