Om meg

lørdag 7. januar 2012

Skumboller FAIL

Eg er gjennomsyra sint og sur no. Så gira før idag når eg skulle begi meg ut på dette prosjektet. Blir så bra så.
Gjekk på butikken og kjøpte alle ingrediensene.














Ringte til mamma for å få oppskrifta. Eg var sikker på at eg hadde alt eg trengte men det var feil så måtte på butikken ein gong til. Det gjekk bra for eg plukka med meg to øl. Og det er eg *pip* glad for, for eg trengte dei så sur som eg er no.





















Alt begynte så bra.
Vispa eggekvitene med vispen min. Så fornøyd for at eg faktisk hadde ein sånn i skapet.
















Så putta eg sukkeret oppi, og det er her dritet startar. Den vispen eg var så fornøyd med begynte å ryke. Den er lysegul og ser ut som den kjem frå 70 talet, men den er ikkje så gammal. Trur ikkje den er så mange år egentleg. Men kan jo hende eg tar fullstendig feil, den var gratis.
Eg hadde laga til gelatinpulveret. Noko eg frarådar på det STERKESTE å bruke. Etter eit halvt minutt hang eg over vasken og brakk meg for det lukta noko så intenst ille. Fekk klaustrofobi fordi lukta gjekk faen ikkje vekk. Så eg kledde meg ut.





















Sidan eg ikkje hadde visp lenger ringte eg til ei veninne nedi gato og spurte om ho hadde. Det hadde ho. Sprang ned, gjekk opp igjen. Svett, men med nytt mot. Fekk med meg nokre gelatinPLATER og i tilfelle. Og det var bra for når eg kom opp igjen var gelatinen veldig stiv.





















Sukkeret skal liksom smelte heilt. Og siden det er kaldt oppi bollen tar det laaaaaaaang tid. Men med den flotte vispen tenkte eg at det gåååår braaaaa. Visp visp.




















Jesus, det tar lang tid.






































Røra vart skikkeleg bra og, eit lite øyeblikk. Stiv og fin.
Heiv den i kjøleskapet mens eg gjorde klar gelantinplatene.
Tok ut igjen røra og heiv gelatinen oppi.
Vispa litt til. Alt blei flytande. Burde vel vere omvendt??
Frustrert ringer eg til mamma igjen. Mammaaaaaaa, ka faen?
Mamma sa ho følte eg hadde gjort noko feil eit sted, gjerne at det blei for lang pause i vispinga når eg måtte hente ny visp. Meget mulig.
Eg gav iallefall opp.


















Alt gjekk litt feil idag. Mamma foreslo å sette røra inn i kjøleskapet over natta. Skulle egentlig kunna laga klar bollene ikveld, men gjer eg det no vert det veldig flate skumboller. Vi får sjå imåro.... Akkurat no kan det vere det samme. :p
Så kom eg på.... eg har jo meir igjen i øl nr to! Det hjalp!















Så no tar eg den med meg inn på rommet. Plasserar meg foran datan og spelar WoW!







Meg og mine minions seier God Natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar