Om meg

fredag 6. januar 2012

Broddar!

Eg fekk to sett med broddar til jul i år!

















Rett før jul så klarte eg å tryne skikkeleg. Eller, tryne blir igrunnen heilt feil ord. For trynet skjedde det ingenting anna med enn total forvirring over verden. Pluss at det er jo grisen som har tryne.
Eg skulle på middag til ei veninne. Hadde gode sko på meg. Bra vintersko som i utgongspunktet ikkje er glatte.
















Eg fekk dei heilt gratis og dei har alltid holdt meg trygg på glatto. Når eg kom til middagen så møtte eg ei måka trapp og det var regn og ikkje spesielt kaldt.
Kom meg gjennom ein koseleg middag før eg la på veg heim at for eg skulle jo på byen og.
Det var litt kjølegare ute men det la eg overhodet ikkje merke til for eg hadde nett kledd på meg masse så var ganske kokt.
Første trinnet, swooooosjh! Rett på ræva! Sikker på heile fallet kunne vore tatt ut frå ein teiknefilm. Så satt eg ei stund for eg skjønte ikkje heilt at eg var på bakken.
Så sa eg aau i ein litt sutrete tone før eg grein pittelitt. For det gjorde noko så inni *pip* vondt.
Så banna eg ein del før eg gjekk veeeeeeeldig sakte heimat for all bevegelse gjorde vondt.
Det er mange som trur eg hadde inntatt alkohol, men det er altså feil. Eg hadde kun drukke brus!
Dagen etterpå sjekka eg åssen det såg ut bak der og hohohohoh, sånn lillafarge har eg aldri sett før, og spesielt ikkje på ein så stor overflate.

Så idag når eg skulle heim frå jobb kjente eg at det var litt glatt, og eg hadde på meg sånne teite sko som kun er behagelege. Altså livsfarlege på vinteren. Så eg bestemte meg for å teste ut dei svarte broddane. Dei funka kjempebra dei, men dei bråkte veldig på asfalt og på gulvet inne i butikken. Såg sikkert ut som om eg hadde gjort i buksa for eg gjekk veldig rart sånn at ingen skulle høyra alt bråket. :p
På vei opp bakken til leiligheten var det mange som stod ute, SJØLVSAGT!

Eg hørte sånn her; Ka e den lyden? (mann)
Hihihihihi (dame)
Mumle mumle (dame)
Hihihihihi (dame)
Hehehe (mann)

Også var det ein anna mann som snudde seg og såg på meg.
Ein an dag hadde eg sikkert drete i det, men idag vart eg litt flau faktisk.
Så eg tok dei av meg når eg skulle hente posten.
Men eg kjem nok til å bruke dei når det kjem masse is ute.
For då kan eg jo bruke dei behagelege skoa!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar