Om meg

søndag 27. oktober 2013

Dagen telefonen ringte!

Her om dagen ringte mobilen min. Eg har både 180. no og telefonterror appen så er ganske sikra på å vite kven det er. Dette var då namnet på ein fyr eg kjente i barndomen.
Eg berre; hæ?? Kan jo ikkje stemme.
Det gjorde ikkje det, var berre ein anna med same namn. Etter ei stund med 'skal eg ta den, ikkje ta den?' fundering tok eg den. Overraska kor lenge han holdt ut...
Han hadde iallefall pakke til meg.
Samtalen gjekk sånn her.:

Han: Heisann, har en pakke til deg her jeg. Er du hjemme?
Eg: Njeeei, egentlig ikkje.  (Eg var det, men eg hadde på meg truse, t-skjorte og hårstrikk)
Han: Neivel, hva gjør vi da?
Eg: Eg er snart heima då, når er du framme?
Han: Står på andre siden av veien jeg vet du. Kan vente på deg jeg.
(FAEN, då kan eg jo ikkje late som om eg har komt heim i mellomtida, flottings det....)
Eg: Åja, okei. Eg går inn i kjelleren no så skal springa opp og møte deg eg.
(Har ein litt bortgjømt inngang i kjelleren og, den kan vere god å ha i sånne her situasjonar).
Han: Den er grei, kommer til inngangen.
Eg: Ok, snakkes.
Han: Snakkes.

Så... der står eg då. Egentlig ikkje?? Kva er det for eit svar?
Hiver på meg ei joggebukse. Tar strikken ut av Lille My håret og hiver på ei lue. Eg ser alltid søt ut i lue, uansett kor fett og bustete håret er under. Lenge leve den lua, takk Tante!
Slenge så på meg ei lang jakke, gløyme sko og hoppe ned trappene. Ja, NED for eg var jo ikkje i kjelleren...
Det dumme her er jo at det er vinduer i heile trappaoppgangen... Går litt bøyd og smyger meg ned for at han utenfor ikkje skal se meg. Føler meg lur ass. Samtidig som eg lagar historiar i hodet i tilfelle han ser meg, men kva er egentlig sjansen for at han BRYR seg?!? Sånne tanker kjem jo ikkje før etterpå når du går opp trappene med pakken og tenker; Kva skjedde no egentlig?

Opner døra, mannen står ved feil hus... Hadde jo ikkje trengt å bekymre meg for om han såg meg i vinduet. Jaja.

Eg: Hallo?
Han: Åja, der er du. Trodde det var her borte jeg.
Eg: Neida, det er her.
Han: Jaja, det viktigste er at vi fant hverandre.
Eg: Ja, hehehe.
Han: Signer her du.
Eg: Ok.
Han: Ha en fin kveld.
Eg: Du og, hadet.
Han: Hadet.

Det var det... så mykje drama i forkant.

Det kunne gått sånn her:
Han: Hei, har pakke, er du hjemme?
Eg: Ja, gi meg to minutter så kjem eg ned.
Han: Ok.

 Men neida, ikkje eg veit du. Her lages det intrikate situsjonar fulle av løgn og bedrageri.
Hjernen min må jo vere fullstendig understimulert, er livet mitt så keisamt til vanleg??
Hmm.... må kanskje gå litt i meg sjølv her...

HAHAHHA, neida. Skal ikkje det.

Åh, og ingenting får hjertet til å slå fortare enn når det RINGER PÅ DØRA!!!
Iiiik....











Eg liker ikkje når det ringer på døra, eller banker på. Kven kjem heilt uanmeldt på døra i 2013 når vi har mobiltelefonar?
Iallefall, heilt automatisk så begynner eg å leike 'FRYS' når dørklokka kimer i lokalet. Det er høg lyd, veheldig høg lyd.
Då står eg heilt urørlig i t-skjorta og Lille My håret mitt i gjennomsnitt 10 min før eg sakte beveger meg mot sovealkoven kor eg er sikker på at ingen kan sjå meg. Så ser eg på serier i ein times tid før eg kan gå ut igjen i lokalet. Då er det gått såpassa lang tid at eg KAN ha komt heim i mellomtida. Sånn funkar hjernen min, den er heilt gal.
Har laga ei heil historie som kan forklare kvar minste detalj på minuttet. Må begynne å skrive det ned, kanskje eg kan laga ei bok ut av det.

Viste seg at det mest sannsynlig var TV-aksjonen som ringte på, litt dårlig samvittighet no, men eg er jo fadder og sånt. Går sikkert fint.