Om meg

fredag 25. februar 2011

Helg helg helg helg helg

No er det helg, så no går eg inn i ein rundt to dagers dvale. Kjem kun til å stå opp for å gå på do.
Vert så himla mykje arbeid hvis eg tisse i senga.

Dagens irritasjonsmoment nummer 1; bussen står i kø og foran meg sit tre damer på sånn 40. Pynta og skal tydeligvis ha jentekveld på byen. Alle tre tygger tyggis med open munn!! :0 Det er det VERSTE eg veit. Då knyter neven seg og eg har seriøst lyst å slå!
"Danmarksplass er så shabby assa" *tygg tygg smatt smatt*
"Ja, men de har jo prøvd å gjøre noe her da " *tygg tygg smatt smatt*
PLING
Sjåføren; Har inget å meddele, men det er mycket kø. Vi står no her.
"Fnis fnis fnis, står no her" *Smatt smatt smatt smaaaatt*

Nummer 2; mannen som åt sjokolade og ikkje kunne bestemme seg for kva retning han skulle subbe mot. Jesus, eg vil FORBI!

Nummer 3; folk med paraply som trur at dei ikkje treffe folk med spilene. Angre på at eg ikkje tok den og trampa på den.
Dessutan er paraply for pyser!

No skal eg tvinge i meg litt mat før eg hoppar under dyna og blir der!

 

Herre min hatt, er heile fem ingrediensar jo! Eg tar AV på fredagar ass!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar