Om meg

onsdag 28. september 2016

Pling!

EG har fått ein god idè!!.... eg skal starte matblogg! Her! Hahahahahhahahaha!
Neida! Alle som kjenner meg veit kor eg haaaaaaaaaatar å laga mat. Det tar altfor lang tid og det er ubeskriveleg keisamt. Det er tusen andre ting eg heller vil gjera på enn å laga mat, t.d absolutt ingenting. :) Likar ikkje ein gong å ete maten, det tar og veldig lang tid.

Men så tenkte eg at eg kan jo forsåvidt leggja ut litt kva eg et då, som skikkeleg matlagingshatar.
Får eg i meg nok og variert mat? Både eg og rottene er gode og mjuke så trur ikkje det er så verst eg.
Vi er alle veganarar no, eg pga dyrevern og dei fordi 1. dei har ikkje noko val og 2. dei gjev faen så lenge dei får mat. Dei et som regel det same som meg faktisk. Går mykje i grønsaker, tru det eller ei.

I dag har vi laga noko middagsgreier, med grønsaker. Hohoho. Eg hadde ein pakke med tofu i kjøleskapet som gjekk ut i mai, tenkte det var på tide å ete den. Heh.
Den såg heilt fin ut, ingenting rosa eller uggelukt. Delte den i bitar og steikte den godt i panna, så godt at rottene ikkje kan ete den (rotter skal ikkje ha svidd mat). Ville vel ikkje gitt dei den heller, just in (timberlake) case!
Eg krydra den med scandinavian forest, roasted garlic og liquid smoke. Tenkte berre ein dæsj røyk men det vart tre, fordi eg er for lat til å henta ei teskei. Sånn er det.

Eg dytta dei etterkvart litt til sides og steika ein oppkutta champignon i same panna. Jepp.
Attmed hadde eg kokt opp vatn og putta den raude grønsakspastaen oppi, to min stod det på pakken, det vart 6+ og gjekk HEILT fint. Believe it or not, eg brukte faktisk dørslaget til å tomma ut vatnet, for eg lært at det sparar meg for ekstremt mykje sinne dersom all pastaen hamnar i vasken... dessutan har eg oppvaskmaskin no så null stress. Åt faen nesten ingenting før eg fekk oppvaskmaskin, for eg er for lat til å vaska opp.
Det er faktisk meir keisamt enn å laga mat.... også får du sånne tørre fingre etterkvart, nei takk.
Eg tok pastaen tilbake i panna og blanda i resten av ein maisboks frå laurdagens pizza (oh, det var ein skikkeleg god pizza btw men det kan eg ta ein anna gong, eg er for lat til å ta det no).

I steikovnen hadde eg forresten putta inn ei form med ovnsgrønsaker ferdigkutta frå rema, med noko urtedressing. Blanda tofuen og soppen i pastaen og klæsja litt på ein tallerken. Det vart litt meh...så eg tok på ei spiseskei med pastasaus og DET gjorde susen. Veldig godt faktisk, og så veldig, veldig enkelt. Meget nøgd med tofuen, den var heilt knall så eg håpar den ikkje var gått over og kjem ut att i løpet av kvelden!
Rottene fekk pasta og mais!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar