Om meg

onsdag 28. september 2016

Smil og vær glad?

Dei seiar at det krever meir effort å sjå sur ut enn å smila. Der er eg STERKT ueinig. Det kan vere så forska på det berre vil.. EG brukar meir krefter på å smila enn å ha andletet i 'nøytral'.
Det er ikkje MI feil at eg er skapt med nedovermunn i avslappa tilstand.

Det fins The Smile Experiment gjort av Shawn Achor kor du skal sjå på ein person og smile genuint til denne. Personen som vert smilt til skal prøve å ikkje smila attende.
Vi gjorde dette på eit kurs eg var på og settingen rundt, samt setningen: eg vert provosert av at du ikkje smilar, gjorde at eg byrja le.
Visstnok skal opptil 85% av befolkninga byrja smila attende dersom dei får eit genuint smil.

Dette eksperimentet skjedde med meg i dag tidleg i naturlege omgjevnader.
Som vanleg var eg jævlig sur og gretten. Då eg gjekk ut av ytterdøra vrei eg automatisk hovudet litt til sides og freste mot lyset.
 

Eg dreiv og knota med mobilen på busstoppet då ei dame gjekk forbi meg. På hovudet hadde eg ei jakka sidan det regna og paraply er for pyser.
I kvitauga ser eg at dama ser på meg med eit smil og eg hugsar at eg tenkte; neeeei....
Det er ingenting som er så provoserande og irriterande på morgonkvisten som smilande mennesker, med unntak av smilande joggarar. Jippi har skjønt det.


Anyhoo....
Eg ignorar dama for eg berre, nei.
Latar som eg vandrar litt att og fram fordi ho står for nærme. Må ha minst 3 meter klaring så tidleg for å ikkje tilte av at folk pustar for høgt. Ja, eg er heilt jævleg på morgonen.


I sidesynet merkar eg at ho ser min veg og då eg lett og ledig ser hennar retning "etter bussen" så er det meg ho ser på... og SMILAR. Eg klarar ikkje unngå å sukke.
Og eg skal lova deg at det å prøva tvinga fram eit smil då var myyyyyyykje vanskelegare enn å stirra rett fram og prøva å ikkje rulla augene så hardt at ho kunne ha høyrt det. Det var det eg valde å gjera. Trur faktisk at dersom eg hadde smila så hadde det vore langt verre fordi det hadde sett ca sånn her ut:



Like greit å la vere.....
Det som skjer vidare då er at ho skal jo sjølvsagt på same buss.
Eg set meg i eit sete, ja. Det er ledig overalt og nesten ikkje folk på bussen.
Kor set dama seg? Treng eg si det? Mh... attmed MOI!
Trur kanskje eg himla litt med augene akkurat då for eg var så oppgitt over å ikkje verta kvitt dette mennesket. For all del, ho er sikkert veldig snill og sånn men altså... eg SER jo ikkje akkurat innbydande ut i det humøret. Ser for meg at eg ser ut som ei vandrande grå sky som sprer sur nedbør i alle retningar.

Greit nok at ho sit der men... den eine gongen eg snur meg mot ho så sit ho og ser på meg og....smilar. Nei... nei... eg smilar ikkje attende. Det skjer ikkje. Jo meir ho smilar, jo surara vert eg.
Eg snur hovudet mitt 180 grader vekk og sit sånn til eg går av med eksepsjonelt høg musikk på øyrene.
Konklusjonen er at eg _absolutt_ ikkje er ein av dei 85% som vil smila attende. Nokon gongar, sikkert, men IKKJE på morgonen. Eg er eigentleg veldig høfleg. Seier alltid Ja, takk og Nei, takk til pose og kvittering i butikken. DER smilar eg då og til bussjåførar. Dei er jo der for å gjera livet mitt enklare, men random smilande folk på gata utan meining om morgonen...det vert for mykje å be om ass.
Kanskje eg var hennar prosjekt... kanskje ho var på same kurset... eller kanskje ho berre hadde sånt andlet avslappa?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar