Om meg

mandag 16. mai 2011

16.mai

Det er 16.mai jo.
Så eg fann ut at EG skulle grille!!
Eg tok bussen heilt inn til sentrum, gjekk på butikken, og kjøpte pølser!
















På bussen heim lukta det skikkeleg fyll.
Hadde ikkje så lyst på pølser etter det, men gjekk no inn på ICA for å kjøpe pølsebrød fordet.
På ICA kom eg på at eg kansjke burde kjøpe ketchup og sennep og. Siden det er 16. mai så syns eg at eg skulle koste på meg nye flasker som ikkje er utgått på dato.
















Så eg bytta ut desse....





















.....med desse heilt flunkandes nye flaskene. Ny flaskedesign er det og. Er ikkje så glad i forandringar, men det smakar sikkert det same? Kjøpar ketchup utan sukker eg, syns den grøne korken er så mykje finare enn den raude.





















Så var det å finne 'grillen'. :D Eg grilla inne på kjøkkendisken. Hadde vore bale å tatt den med ut, måtte jo ha leita fram skjøteledning. Nei takk.





















Se, eg kan lukke den og.
















Eg var så sulten at eg åt opp pølsene før eg rakk ta bilete av resultatet. Trur nok ikkje eg kjem til å ete pølser igjen på ei stund, for det var ikkje så godt som eg hadde det for meg inne i hovudet mitt.
Akkurat som med risengrynsgraut. Får akutt lyst på på lørdagar, men så orkar du berre to skjeer før du vert akutt mett og kvalm og kjem på kvifor du ikkje et graut.
Kanel er veldig godt då.
Men det er ikkje så godt å ete kun det, vanskeleg å svelge.

3 kommentarer:

  1. Eg kunne ha ete graut kvar dag!!
    Fine pølser forresten, trur eg må tipse torstein, han er nemlig på veg til å bli ufrivillig vegetarianar. Han blir dårleg av kjøtt, ikkje fordi han ikkje tålar det, men fordi det er ekkelt;)

    Linda

    SvarSlett
  2. Dei smakar ikkje så verst!
    Han syns det er ekkelt?
    Det skjønar eg godt, det ER ekkelt.

    SvarSlett
  3. Mmmmm kjøtt, jo meir jo bedre! Men EWWWW @ sennep!

    SvarSlett