Om meg

mandag 23. mai 2011

Hest

Kjenner meg litt vemodig akkurat no.
Skulle vente på bussen heim, og då kom eg over denne stakkaren.





















Han låg berre der heilt aleine i søledammen stakkar.
Så eg satt den opp på benken i håp om at nokon kunne ta den med seg.





















Eg har ikkje råd til hest akkurat no, har ikkje så mykje tid til overs til å ta vare på ein heller.
Han her ville ikkje ta den med.





















Ikkje han her heller.





















Eller han....





















Ingen såg det lengtende blikket.
Men myhonken som satt seg på jakka til han eine, DEN fekk bli med (eg redda den opp av søledammen tidligere, men den berre flaug mot regnet heile tida og datt nedi igjen).
Eg måtte gå på bussen, men tenkte masse på å hoppe ut og ta den med.
Eg er sikker på at eigaren finner den eg. Før eller seinare. Eller at nokon andre tar den med seg.
Ein unge for eksempel, dei er flinke til å overtale foreldrene sine til sånt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar