Om meg

mandag 30. mai 2011

Meh

Hesten var vekke. Den låg ikkje oppi bosset som ikkje er henta på veldig lenge, så då har den nok fått ny heim.
I mitt hovud har den iallefall det.

I daaaaaag var ein både og dag. Fram til klokka tre var alt heilt supert. Godt humør og det var stille og rolig på jobb.
Så veit du.... eg var ferdig klokka to, hoppa på bussen og tenkte 'hmmmm, det er noko som manglar'.
'Åja, eg glømte jakko mi, jaja, går fint.'. Men det føltes litt feil fordet.
Så går eg av på Fjøsanger, og traskar i veg oppøve bakkane. 'FAEN!! NØKLANE MINE!!!!'
Dei.........................ligg.........................i........................... JAKKELOMMA!

Og eg som hadde gleda meg sånn til å komma heim supertidlig.
Heldigvis var det ein snill gutt på jobb som tok dei med.
Så etter tre kvarter på Wergeland så hadde eg nøklane i handa og jakka på ryggen. Woo.

Åh ja.... på veien frå Fjøsanger til Wergeland så begynte det å regne, så regnet det endå meir og hardere, så begynte det å hagle! Akkurat som om vêret berre; 'hahah, du glømte nøklene og jakka di med hette, her kommer viii, tjohiii!'

Nei, no skal eg ikkje gjør ein jævla drit anna enn å sjå på TV til eg sovnar, for eg er pittelitt sur endå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar