Om meg

torsdag 6. oktober 2011

Ikkje den beste dagen....

For det første har eg kava meg gjennom dagen med hodepine og lettare kvalme. Ikkje den beste kombinasjonen når du jobbe i barnehage, men setter ekstra stor pris på senga når du først kjem heim då!

MEN.... idag var det IKKJE spesielt kjekt å koma heim. For det som møtte meg var dette!



Patrick er død! :((((
Huset hans er litt knust og Patrick er ikkje der lenger! Han har landa på mjuk mose i det minste..

Ja, eg veit det er ein snegl, men eg vart faktisk glad i fyren. Tok bilete av han kvar dag i ein månad og byrja tilslutt å sei god morgen, hei og hadet til han.

Mulig eg har budd aleine for lenge.....

onsdag 5. oktober 2011

Patrick

Eg har ein ny kompis. Han heitar Patrick, og han har vore med meg i ein månad no.
Han har ikkje gjort så mykje ut av seg, men eg er blitt veldig glad i han, så om han plutselig er vekke vil eg bli veldig trist. No er det sånn at eg er redd for at han ikkje skal vere der om morningen når eg går på jobb, eller når eg kjem heim frå jobb. Eg må alltid sjekke at han er der.
Her er litt av hans ferd denne månaden.
 
 Når eg først møtte Patrick var han heilt nede på døra mi. Det er som regel brunsnegl som møter meg i min lekre inngang, og dei møtar for det meiste ein liten flytur nedøve hagen min. Men Patrick følte eg måtte få bli.





















Patrick klatra litt oppøve døra mi.
















Og litt til....

















Han kvilte litt under lista her. Masse ly for regn og vind!

















Tok seg ein tur over lista for å nyte det fine vêret, når det plutseleg dukka opp!
















Han er ganske skjønn når han først tør å titte ut! <3
Han vart verande her oppe ei stund!


















Men så begynte det å regne så veldig mykje igjen, og då forsvant Patrick under lista igjen. Her har han vore sidan. Eg er litt bekymra for han no. Kva vil skje med Patrick når det vert kaldare å kaldare? Kjem han til å døy? Burde eg lese og finne ut korleis eg kan halde han i live? Kanskje inne, i ein konsentrert utopia for han inne? Men kva treng ein sånn snegle som Patrick? Gress og blader? Kva et han? Hjelp!!
Eg vil ikkje at han skal døy av kulde!!! :(

onsdag 15. juni 2011

Krutongar!

Idag hadde eg lyst på krutongar, i salat. For eg har kjøpt sånn god dressing frå salatbaren på Meny. Sånne små posar med Salsa Ranch dressing. Alle tre er gått ut på dato. :(
Men det driter eg i, så no er det salat på menyen til dei er tom.
MEN; eg slit med å ete salat utan krutongar.

Så eg gjekk på krutongjakt. Eg har 4 matbutikker i nærleiken, 2 av dei er i umiddelbar nærhet.
Valgte den eg hadde mest tru på i umiddelbar eg.

På vei ut døra møtte eg Truls og Terje. Dei er tvillingar, og med namn så er det større sjanse for at dei overlevar dagen.
















Eg gjekk til butikken med raske skritt og sulten i magen!

















BUTIKKEN HADDE IKKJE KRUTONGAR!!!















Men klokka var FIRE!! Det er jo nesten leggetid så eg gadd ikkje gå på fleire butikkar.....
Gjekk heim igjen.....




















Steikte sopp og putta oppi cashewnøtter istaden for eg. Var igrunnen veldig godt det og!
Så eg føler meg litt bedre no.

onsdag 8. juni 2011

Insekt

Var eit langt insekt med veldig bevegelig kropp og vinger som kraup på meg på bussen idag.
Den sleit litt med å fly så eg syns synd på det, bestemte meg for å ta det med meg når eg skulle av.
Det satte seg på seteryggen foran og SMEKK, der døde det.
Godt skvist inn i seteryggen med ein mobiltelefon.

Snur meg, og ser inn i eit par auger som sier *hm?*
Eg berre -whyyyyy?
- Det er jo tusen av de da.
- Jammen, eg skulle jo ta den med meg ut!
- Hahaha!

mandag 30. mai 2011

Meh

Hesten var vekke. Den låg ikkje oppi bosset som ikkje er henta på veldig lenge, så då har den nok fått ny heim.
I mitt hovud har den iallefall det.

I daaaaaag var ein både og dag. Fram til klokka tre var alt heilt supert. Godt humør og det var stille og rolig på jobb.
Så veit du.... eg var ferdig klokka to, hoppa på bussen og tenkte 'hmmmm, det er noko som manglar'.
'Åja, eg glømte jakko mi, jaja, går fint.'. Men det føltes litt feil fordet.
Så går eg av på Fjøsanger, og traskar i veg oppøve bakkane. 'FAEN!! NØKLANE MINE!!!!'
Dei.........................ligg.........................i........................... JAKKELOMMA!

Og eg som hadde gleda meg sånn til å komma heim supertidlig.
Heldigvis var det ein snill gutt på jobb som tok dei med.
Så etter tre kvarter på Wergeland så hadde eg nøklane i handa og jakka på ryggen. Woo.

Åh ja.... på veien frå Fjøsanger til Wergeland så begynte det å regne, så regnet det endå meir og hardere, så begynte det å hagle! Akkurat som om vêret berre; 'hahah, du glømte nøklene og jakka di med hette, her kommer viii, tjohiii!'

Nei, no skal eg ikkje gjør ein jævla drit anna enn å sjå på TV til eg sovnar, for eg er pittelitt sur endå.

mandag 23. mai 2011

Hest

Kjenner meg litt vemodig akkurat no.
Skulle vente på bussen heim, og då kom eg over denne stakkaren.





















Han låg berre der heilt aleine i søledammen stakkar.
Så eg satt den opp på benken i håp om at nokon kunne ta den med seg.





















Eg har ikkje råd til hest akkurat no, har ikkje så mykje tid til overs til å ta vare på ein heller.
Han her ville ikkje ta den med.





















Ikkje han her heller.





















Eller han....





















Ingen såg det lengtende blikket.
Men myhonken som satt seg på jakka til han eine, DEN fekk bli med (eg redda den opp av søledammen tidligere, men den berre flaug mot regnet heile tida og datt nedi igjen).
Eg måtte gå på bussen, men tenkte masse på å hoppe ut og ta den med.
Eg er sikker på at eigaren finner den eg. Før eller seinare. Eller at nokon andre tar den med seg.
Ein unge for eksempel, dei er flinke til å overtale foreldrene sine til sånt.

mandag 16. mai 2011

16.mai

Det er 16.mai jo.
Så eg fann ut at EG skulle grille!!
Eg tok bussen heilt inn til sentrum, gjekk på butikken, og kjøpte pølser!
















På bussen heim lukta det skikkeleg fyll.
Hadde ikkje så lyst på pølser etter det, men gjekk no inn på ICA for å kjøpe pølsebrød fordet.
På ICA kom eg på at eg kansjke burde kjøpe ketchup og sennep og. Siden det er 16. mai så syns eg at eg skulle koste på meg nye flasker som ikkje er utgått på dato.
















Så eg bytta ut desse....





















.....med desse heilt flunkandes nye flaskene. Ny flaskedesign er det og. Er ikkje så glad i forandringar, men det smakar sikkert det same? Kjøpar ketchup utan sukker eg, syns den grøne korken er så mykje finare enn den raude.





















Så var det å finne 'grillen'. :D Eg grilla inne på kjøkkendisken. Hadde vore bale å tatt den med ut, måtte jo ha leita fram skjøteledning. Nei takk.





















Se, eg kan lukke den og.
















Eg var så sulten at eg åt opp pølsene før eg rakk ta bilete av resultatet. Trur nok ikkje eg kjem til å ete pølser igjen på ei stund, for det var ikkje så godt som eg hadde det for meg inne i hovudet mitt.
Akkurat som med risengrynsgraut. Får akutt lyst på på lørdagar, men så orkar du berre to skjeer før du vert akutt mett og kvalm og kjem på kvifor du ikkje et graut.
Kanel er veldig godt då.
Men det er ikkje så godt å ete kun det, vanskeleg å svelge.